Det er ein lang køyretur til Jølster, spesielt frå Stavanger... men med 3-ferjer og evt. matstopp i Bergen opplevast det ofte som ein grei tur og det tar ofte kortare tid enn det google skal ha det til. Vi anbefaler derfor heller å køyre enn å ta fly via Oslo.
De kan fly til Førde/Bringeland eller Florø lufthavn. Bringeland flyplass ligg 20 min frå Førde og ca 1 time frå Skei kor bryllaupet skal være. Det er mogleg å leige bil og hente denne på flyplassen, eller de kan ta flybuss til Førde sentrum og rutebuss vidare til Skei.
Florø lufthavn ligg 1 time frå Førde. Frå Florø må de ta rutebuss til Førde sentrum og vidare til Skei.
Vi har ikkje satt opp transport til kyrkja på lørdagen eller til Runnen på fredag. Ta kontakt med oss om de treng transport til kyrkja. Fredagen håpar vi at folk kan køyre ilag/fylle opp bilane eller finne eigen transport til Runnen.
Vi har satt av rom på Thon Hotel Jølster, som er hotellet der middagen skal være. Avtalt pris er 1295,- for enkeltrom og 1495,- for dobbeltrom per natt, inkludert frukost.
Det er satt av rom til
- tilreisande gjestar fredag-søndag
- omtrent alle gjestar frå laurdag-søndag *
For å booke sender de ein mail til hotellet på jolster.resepsjon@olavthon.no og oppgir at de ynskjer rom ifbm. bryllaupet vårt. Romma er haldt av til 1 Juli.
*Obs
Ynskjer de som ikkje er tilreisande (eller har slekt i sunnfjord) å booke rom på hotellet frå fredag-laurdag må de berre gjere det, men for å sikre at vi har nok rom til tilreisande bookar de då utan å nevne at det gjeld vårt bryllaup.
Hvis de har litt ekstra tid på Skei, eller kjem tilbake ved eit seinare høve, anbefalar vi følgjande:
Badstu Fyrig Sauna
Cafe Brunsj og briller
Tur til Fyglastølen
Tur til dagsturhytta Fjellro
Tur til Vikastøylen og kleivafjellet
Tur til utsiktspunktet på Nyken (køyr først opp i Fossheimsdalen)
Tur til Skafonnfjellet (Tone sitt favorittfjell, køyr først opp i Fossheimsdalen)
+ flust av andre turar!