18.00 - ca. 21.00 Låvefest/kos i Runnen
13.00 Vigsle i helgheim kyrkje
14.00 Noko å bite i på Thon hotel Jølster - brudeparet fotograferast
16:30 (ca) Middag i Jølstersalen på Thon hotel Jølster
21:00 (ca) Fest og snop på Brunsj og briller
00:00 (ca) Nattmat
10.00 Felles frukost og påfølgande bad i Jølstravatnet
Det vert låvefest/kos på låven i Runnen (gården der mor til Tone vaks opp). Låvedøra åpnar kl 18 og vi er der til ca 21. Kom svolten og tyst, vi stiller med betasupe og drikkevarer! Låven er ikkje isolert, så her lyt vi kle oss etter været/temperaturen ute. Obs, det ligg høy på låven, så ta med allergimedisin ved behov.
Vi har ikkje satt opp felles transport til Runnen på fredag sidan folk kjem frå ulike plassar og til ulike tidspunkt. Vi håpar at de kan samkøyre eller finne eigen transport. Det er også begrensa med parkering i Runnen - så fyll opp bilane slik at alle får plass. Det kjem meir informasjon om parkering etterkvart.
Sjå kart under for å finne fram.
13:00 Vigsle i Helgheim kyrkje. Vi ynskjer ei mobilfri vigsle. Kyrkja ligg 5 minutt med bil frå hotellet. Det er ikkje satt opp felles transport til kyrkja - ta kontakt med oss så finn vi ei løysing om de ikkje har bil.
14:00 Brudeparet tek bilete. Det vert servert noko lite å bite i på Thon hotel Jølster.
16:00 (ca) Brudeparet kjem til hotellet. Bordsete ca kl 16.30 i Jølstersalen på Thon hotel Jølster. Sjå informasjon om toastmaster på sida "Viktig info".
21:00 (ca) Vi går til Brunsj og briller - dette er eit lokale som ligg 3 minutt å gå frå hotellet, så hugs paraply om det er meldt nedbør!
Ein gong i løpet av kvelden vert det servert enkel nattmat.
Sjå kart under for å finne fram.
Det hadde vore kjekt med felles frukost ca kl 10, og eit bad i Jølstravatnet etterpå, for dei som treng ein forfriskar før reisa heim!